Dette brødet bakte eg to av, og plutseleg var dei borte...
Perfekt å bruke til arme riddere eller ost og syltetøy!
Oppskrift til eit stort brød eller to små:
600 gram lunka vatn
50 gram honning
100 gram surdeigsstartar
250 gram havregryn, eg brukte lettkokte
500 gram sikta kveitemjøl
20 gram salt
Pluss litt havregryn til pynt
Ha vatn i ein bakebolle, tilsett honning og rør den ut i vatnet. Ha i surdeigsstartar, havregryn og kveitemjøl i, og rør til alt er godt blanda. Ha over eit klede og la deige...
Desse hamburgerbrøda baka eg på hytta i påska og dei blei nydeleg mjuke!
Deiga er til ca 12 hamburgerbrød (eg dobla oppskrifta og vi åt dei både til frokost og lunsj) og eg brukte eltemaskin til deiga.
300 gram lunka vatn
250 gram kald melk
50 gram eple- eller appelsinjus
100 gram bakeklar surdeigsstartar
50 gram byggmjøl (eg brukte Sjåkmjøl)
50 gram sammalt kveitemjøl, grov
500 gram sikta kveitemjøl
12 gram kverna halvsalt
50 gram romtemperert smør i terningar
1. Ha væske, surdeigsstartar og mjøl i ba...
Desse baguettane er god til suppe og perfekt i matboksen, eg steiker dei på baguettebrett så dei held formen fint under steiking - derfor brukar eg ikkje tid og energi på å forme dei. Om du ikkje har baguettebrett kan du forme pølser av aluminiumsfolie og legge under bakepapiret mellom kvar baguett når du steikar dei.
800 gram kaldt vatn
200 gram bakeklar surdeigsstartar
200 gram sammalt kveite grov
800 gram sikta kveitemjøl
25 gram kverna havsalt
Slik gjer du;
1. Bland vatn, surdeigsstartar og mjøl...
Då eg planla 52 veker med surdeig skreiv eg ned meir enn 52 oppskrifter på kva eg kunne legge ut. I tillegg spurte eg følgarane mine på Instagram om kva dei ville eg skulle legge ut av oppskrifter. Ei svarte grovbrød.
Og sidan kvardagen er tilbake og matpakkar skal smørast - blei det eit halvgrovt matpakkevennleg brød i veke 2 av 52 veker med surdeig.
Grovbrød med surdeig (2 store brød i brødform)
1000 gram vatn
200 gram bakeklar og boblande surdeigsstartar
200 gram lettkokte havregryn
200 gram ...
Last ned gratis oppskrift på surdeigsstartar her!
Kom i gong med surdeig i dag!