Grove baguettar for late folk

52 veker med surdeig baguett surdeig surdeigsbrød surdeigsstarter Apr 07, 2025

Desse baguettane er god til suppe og perfekt i matboksen, eg steiker dei på baguettebrett så dei held formen fint under steiking - derfor brukar eg ikkje tid og energi på å forme dei. Om du ikkje har baguettebrett kan du forme pølser av aluminiumsfolie og legge under bakepapiret mellom kvar baguett når du steikar dei. 

800 gram kaldt vatn
200 gram bakeklar surdeigsstartar
200 gram sammalt kveite grov
800 gram sikta kveitemjøl
25 gram kverna havsalt

Slik gjer du;
1. Bland vatn, surdeigsstartar og mjøl godt til ein deig. Vent i 30 minutt. Deigen skal stå på benken til du er ferdig med strekk og brett.
2. Klem salt inn i deigen, vent i 30 minutt.
3. Strekk og brett deigen kvar 30. minutt x 8.
4. Sett deigen kaldt og la den stå der i 12-48 timar, alt etter kva som passar deg!
5. Varm opp omnen til 250 grader med over- og undervarme, ha baguettebretta klar.
6. Ta fram deigen, strø mjøl på benken og kvelv deigen over benken. Kutt deigen i ønska størrelse og legg baguettane på eit baguettebrett med bakepapir før du har dei i omnen og steiker i 15-20 minutt. 

Avkjøl på rist før du skjer dei opp og nyt dei med godt smør og pålegg! Dei kan godt frysast og er perfekte i matpakka!

Oppskrift og framgangsmåte på meir avanserte baguettar kjem seinare!

Vil du lage din eigen surdeigsstartar?

Last ned gratis oppskrift her!