Hamburgerbrød med byggmjøl

52 veker med surdeig surdeig surdeigsbrød surdeigsstarter Apr 23, 2025

Desse hamburgerbrøda baka eg på hytta i påska og dei blei nydeleg mjuke!

Deiga er til ca 12 hamburgerbrød (eg dobla oppskrifta og vi åt dei både til frokost og lunsj) og eg brukte eltemaskin til deiga.

300 gram lunka vatn
250 gram kald melk
50 gram eple- eller appelsinjus
100 gram bakeklar surdeigsstartar
50 gram byggmjøl (eg brukte Sjåkmjøl)
50 gram sammalt kveitemjøl, grov
500 gram sikta kveitemjøl
12 gram kverna halvsalt
50 gram romtemperert smør i terningar

1. Ha væske, surdeigsstartar og mjøl i bakebollen og elt alt saman til deig.
2. Vent i 30 minutt og elt inn saltet.
3. Vent i nye 30 minutt og elt inn smøret.
4. Vent i nye 30 minutt og strekk og brett deigen. Gjenta dette x 4.

No har du to valg; enten kan du bake ut hamburgerbrøda og dekke dei til og sette dei kaldt til heving i 12-24 timar før du tar dei ut i romtemperatur og steiker dei etter ein times tid på benken før du steiker dei ELLER du kan sette heile bakebollen kaldt og heve i 12-24 timar før du bakar ut og lar dei etterheve på benken ein times tid før steiking.

Pensle med egg og strø på sesamfrø før steiking. Steik på 225 grader i 10-15 minutt.

Vil du lage din eigen surdeigsstartar?

Last ned gratis oppskrift her!