Havrebrød med honning

52 veker med surdeig surdeigsbrød Oct 22, 2025

Dette brødet bakte eg to av, og plutseleg var dei borte...

Perfekt å bruke til arme riddere eller ost og syltetøy!

Oppskrift til eit stort brød eller to små:

600 gram lunka vatn
50 gram honning
100 gram surdeigsstartar
250 gram havregryn, eg brukte lettkokte
500 gram sikta kveitemjøl
20 gram salt
Pluss litt havregryn til pynt

Ha vatn i ein bakebolle, tilsett honning og rør den ut i vatnet. Ha i surdeigsstartar, havregryn og kveitemjøl i, og rør til alt er godt blanda. Ha over eit klede og la deigen kvile i 30 minutt. 

Etter det har gått 30 minutt har du i salt og klemmer det inn i deigen. Vent så nye 30 minutt.

Strekk og brett deigen kvart 30 minutt fire gongar, og la deigen heve i bollen i 2-4 timar før du formar deigen til brød og har den over i hevekorg. Eg brukar eit klede i hevekorga og strør havregryn nedi før eg har brødet i. 

Sett brødet kaldt og hev i 12 timar før du steiker det.

Steiking: Her kan du steike i gryte med lokk eller på bakestål, bakestein eller på vanleg bakebrett.

Om du brukar gryte: Sett gryta i omnen og sett omnen på 250 grader. Når omnen er varm tar du ut gryta og har i brødet, bruk gjerne bakepapir så brødet ikkje sett seg fast i gryta. Snitt brødet før du har det i gryta. Steik 30 minutt med lokk, skru ned til 210 grader og steik vidare i 15 minutt utan lokk før du tek brødet ut og har det over på ei rist for avkjøling. 

Bakestål eller bakestein: Sett inn stål eller stein og varm opp omnen til 250 grader. Ha brødet over på eit bakepapir og snitt brødet før du har det inn i omnen. Steik på 250 grader i 15 minutt før du skrur ned til 210 grader og steiker vidare i 30 minutt. 

Bakebrett: Varm omnen til 250 grader. Ha brødet over på bakebrett og snitt det før du setter det inn i omnen. Steik på 250 grader i 15 minutt før du skrur ned til 210 grader og steiker vidare i 30 minutt. 

Vil du lage din eigen surdeigsstartar?

Last ned gratis oppskrift her!