Foccacia passar til ALT! Til sandwich, til salat og suppe. Det er ein stor favoritt her i hus, og vi har det ofte til suppeonsdag (ja, vi har suppe kvar onsdag for å gjere det enklare for den som lagar middag - les meg!)
Foccacia
400 gram vatn
500 gram sikta kveite eller 250 gram sikta kveite og 250 gram tipo 00
Rør vatn og mjøl saman, la deigen kvile (autolyse) i 30 minutt.
Tilsett 100 gram bakeklar surdeigsstartar og brett det inn i deigen. Vent 30 minutt.
Tilsett 10 gram havsalt og brett det...
Desse sjokoladekjeksa fekk bein og gå på her i huset! Så eg må nok snart lage ein ny porsjon.
Oppskrifta er til 12 store eller 25 små cookies
250 gram smør, romtemperert
250 gram brunt sukker
150 gram kvitt sukker
1 egg
100 gram overskuddsstartar
1 ts vaniljeekstrakt
1 ts natron
1 ts bakepulver
Ei klype flaksalt
450 gram sikta kveite
200 gram hakka sjokolade eller bakesjokolade
1. Pisk smør og sukker luftig
2. ha i egg og surdeigsstartar, samt vaniljeekstrakt
3. Ha i det tørre, men vend inn litt og litt
4...
Noko av det eg brukte lang tid for å få til var surdeigspizza. Men når eg endeleg knakk koden, då blei det mykje pizzabaking! No har vi digg surdeigspizza med sprø og luftig skorpe her i huset dei fleste laurdagar.
Oppskrifta er veldig enkel, og det beste er at du kan lage den nokre dagar i forvegen og ha den på kjøl, så det er berre å bake ut, ha på digg fyll og steike i veg den dagen du skal ete den.
Eg brukar å lage dobbelt eller trippel porsjon, og fryse ned slik at eg alltid har pizza i...
Kva er vel bedre enn knasande sprø granola med honning, nøtter og frø på yoghurten? Lite! Her får du oppskrift på granola med overskuddsstartar - perfekt for å få brukt opp surdeigsstartarrestane som står bakerst i kjøleskapet.
Granola med surdeig - stor porsjon, til to steikebrett
200 gram smelta smør
200 gram honning
300 gram overskuddsstarter
1 ts kanel (eventuelt anna krydder)
5 gram flaksalt
500 gram lettkokte havregryn
100 gram hakka hasselnøtter
100 gram hakka valnøtter
100 gram sesamfrø
Smelt s...
Eg har lenge laga eigne tortillas til tacoen, men det er ikkje alltid niåringen min er så imponert over dei. Om eg lagar maistortillas av masa harina (eg har til og med kjøpt meg tortillapresse) er dei for små og når eg laga kveitetortillas har dei vore for små, vanskelig å brette eller rett og slett for stiv! Men denne oppskrifta må eg seie er skikkelig god - og godkjent av niåringen med ekstremt sterke tortillaspreferanser!
Her treng du ikkje bakeklar startar, det er berre å bruke overskuddss...
Då eg planla 52 veker med surdeig skreiv eg ned meir enn 52 oppskrifter på kva eg kunne legge ut. I tillegg spurte eg følgarane mine på Instagram om kva dei ville eg skulle legge ut av oppskrifter. Ei svarte grovbrød.
Og sidan kvardagen er tilbake og matpakkar skal smørast - blei det eit halvgrovt matpakkevennleg brød i veke 2 av 52 veker med surdeig.
Grovbrød med surdeig (2 store brød i brødform)
1000 gram vatn
200 gram bakeklar og boblande surdeigsstartar
200 gram lettkokte havregryn
200 gram ...
Mange som bakar med surdeig har ofte surdeigsstartar til overs (overskuddsstartar) som ofte ender opp med å stå bakerst i kjøleskapet og ta opp plass. Sidan eg ikkje likar å kaste mat er eg alltid på leit etter oppskrifter der eg kan bruke opp overskuddsstartar! Og det har blitt mange oppskrifter med overskudsstartar i løpet av dei snart 15 åra eg har baka med surdeig. Nokon meir og nokon mindre vellykka. Ei av oppskriftene som er mest i bruk her i hus, er sveler med overskuddsstartar!
Mjuke og...
Last ned gratis oppskrift på surdeigsstartar her!
Kom i gong med surdeig i dag!