Havrekjeks med rosiner
May 05, 2025
Sprø havrekjeks med rosiner i midten, perfekt til ein kopp te!
125 gram kvitt sukker
125 gram brun farin
250 gram smelta smør
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
1-2 ts kanel
250 gram overskuddsstartar
125 gram kveitemjøl
500 gram lettkokte havregryn
Rosiner
Rør saman sukker, vaniljesukker, bakepulver og kanel. Ha så i smelta smør og surdeigsstartar. Rør inn det tørre, bortsett frå rosiner. Når deigen er ferdig former du kuler av den, ha nokre rosiner inn i kvar kule før du har dei på eit bakebrett og klem dei flate. Det er nok med åtte stk på eit brett.
Steik dei på 175 grader i 12-15 minutt. Avkjøl dei i 10 minutt på brettet før du legg dei over på ei rist.