Brownie med surdeig
Oct 01, 2025
Nokon dagar blir heilt klart bedre med sjokoladekake eller brownie, meinar eg!
Og kvifor ikkje bruke surdeigsstartar i kakerøra?
Denne kaka er superenkel å berre røre saman i ein kasserolle, og kva er det ikkje å like med ting som lagar minst mogleg oppvask?!
Brownie med surdeig:
100 gram smør
300 gram sjokolade
4 egg
100 gram surdeigsstartar
40 gram bakekakao
2 ts vaniljesukker
200 gram sukker
100 gram brun farin
150 gram sikta kveitemjøl
Ei klype flaksalt
Sett ovnen på 175 grader. Smelt smør, ha i sjokoladen og smelt den også. Avkjøl litt før du rører inn eitt og eitt egg, og surdeigsstartar. Rør godt saman. Ha i kakao, vaniljesukker, sukker og farin, rør det inn. Til slutt har du i mjøl og salt, og blandar alt godt.
Ha over i ei bakepapirkledd form på 20x30 cm og steik i 30 minutt, sjekk med ein kakepinne om den er ferdig.
Avkjøl litt på ei bakerist. Nyt saman med vaniljeis!